12.nov

Arena Ryfylke 2024: Kraftfull livsglede

Du er allerede påmeldt dette arrangementet

Fyll inn organisasjonsnummer eller navn
Ved mange, eller mangelfulle treff, bruk organisasjonsnummer.
Ingen bedrifter funnet
Feil selskap?
Det er ikke flere plasser igjen for denne rabattkoden.
Fjern koden for å melde deg på til standard pris.
{{price}},- eks. mva.
Folk i Ryfylke trivst betre med livet enn folk flest, viser ei undersøking. Men korleis står det til med næringslivet og framtidsoptimismen? Får me tak i nok folk og er det nok kraft til alle? Kraftfull livsglede er tema på Arena Ryfylke 2024, og blant innleiarane finn du Remy Atle Bilsback frå Sparebanken Vest, Svein Ilstad frå Statkraft og Anne Bratthammer frå Ryfylke IKS – og mange flerie. Me skal ut på tur i kraftfulle, kompakte Sauda og det blir garantert god mat. Velkomen til næringslivskonferansen Arena Ryfylke – haustens vakraste eventyr.

Arena Ryfylke er blitt den viktigaste møteplassen i Ryfylke når hausten får fotfeste. Arrangørtrioen Ryfylkealliansen, Ryfylke IKS og Næringsforeningen i Stavanger-regionen har i år med seg Sauda kommune på arrangørsida og Sparebanken Vest som hovudmedspelar.

PS! Det er ein early bird-pris på 1500 kroner for medlemmar fram til 15. september. Etter 15. september blir medlemsprisen 1750 kroner.

Arena Ryfylke 2024 blir ei «klassereise» som startar på Folkets Hus og endar på Sauda Klubb. Men, det er meir enn ein tur frå arbeidarrørsla si høgborg og til funksjonærane sitt klubblokale. Arena Ryfylke er ein møtestad med spennande gjestar, aktuelle tema, positivt blikk, reflekterande tema, prisutdelingar, kreativ synfaring, herleg mat frå Ryfylke og eit offensivt treffpunkt. Ja, kort og godt den årlege storsamlinga i Ryfylke.

Dagen blir delt inn i tre:

  • Aktuell Arena: - føremiddag i Folkets Hus. Aktuelle tema, fleire korte innlegg og møte, lunsj og glimt i auga.
  • Smeltedigelen Sauda: - ut på busstur/vandring i Sauda. Bli kjent med næringsliv, Sauda vgs, Sauda Skisenter og Sauda sentrum gjennom bedriftsbesøk, synfaring og historier.
  • Festmiddag: Middag på Sauda Klubb med ryfylkemat av beste merke, kultur, Ryfylke-begeistring og Pilt-Ola prisen 2024.

KLIKK HER for komplett program og praktisk informasjon!

TRANSPORT: Me oppmodar til å bruka kollektivtransport der det er mogleg – og konferanseprogrammet er tilpassa rutetidene. Frå Stavanger, Tau og øyriket kan ein reisa raskt og effektivt med hurtigbåt til Hebnes med korresponderande buss vidare til Sauda. Det er sett opp ekstrabåt tilbake igjen kl. 20.00. Billett kjøpes ved registrering til konferansen. Velg også ved registrering til konferansen om du skal kjøre rutebuss frå Hebnes om morgonen, slik at kapasitet kan tilpassast.

For meir info om arrangementet, kontakt Egil Hollund i Næringsforeningen.

Arrangementet er i regi av Ryfylkealliansen, Ryfylke IKS og Næringsforeningen i Stavanger-regionen, i samarbeid med Sparebanken Vest og fleire gode partnarar.

>> Avbestilling må gjerast innan sju dagar før møtestart.

Andre lignende møter:

02. okt 2024 -

Sandneskonferansen

04. nov 2024 -

Nettverksfrokost for nye medlemmer

17. sep 2024 -

Energifrokost: Kjernekraft

© Næringsforeningen 2019-2024 Sidekart Personvern og vilkår for bruk
Umbraco CMS fra MarkedsPartner