Ei god rabine – i søken på dagens eldstad
Ei rabine er eit anna ord for ei historie ute i havgapet, ikkje så langt i frå der eg kjem i frå. Folk samla seg rundt desse forteljingane, og nokre av desse historiene går det framleis gjetord om. Det skapar ikkje berre samhald og nostalgi, gjennom tett kopling til identitet, men kan samstundes gje retning. Kan hende er det mot historiene vi må vende oss framover?
Då eg var lita, hadde vi båt. Vi var titt på Dalsfjorden, med fiske og turar elles. Og dermed brukte vi også tid i båthamna, der far min ofte kom i snakk med dei andre karane i hamna. Det drog ofte ut, slik det som oftast gjer i godt lag, og vi ungane hang rundt dei og nokre gongar lytta vi og fekk med oss historiene som vart delte. Det er ein rik forteljarkultur i Noreg, og noko av det eg hugsa best frå oppveksten er alle desse historiene som vart delte, og som vevde seg saman. Historier er viktige som identitets-skapande markørar, der ein kan fortelje om kven ein er, eller kven ein ynskjer å framstå som å vere. Samstundes, så kan forteljingar, dersom lytta til og tatt imot, skape nærleik og samhald mellom aktørane.
Historieforteljing i organisasjonar
I dei siste par åra har vi sett korleis historieforteljing, eller «storytelling» på fint, vert ofte nytta som kommunikasjonsform blant leiarar i organisasjonar. Story-telling er framleis sterkt undervurdert, truleg fordi det høyrest så enkelt ut. Berre fordi det høyrest enkelt ut, så treng det ikkje vere lett. Forfattar Ester Choy skriv at det å ha ein kultur i organisasjonen som baserer seg på historieforteljing, kan nytte denne identiteten til å gje retning og skape bindingar med dei tilsette som igjen vil vise att på botnlinja. Psykolog Hilde Johanne Aafoss seier at i plassen for å ha eit leiarskap som handlar om å seie kva folk skal og bør gjere, så er det mykje større kraft i å fortelje ei historie. Aafoss etterspør dagens eldstad; der ein før samla seg rundt eldstaden og fortalte historier om korleis dagen hadde vore, kvar er desse stadane no?
Aafoss meiner vi må verte flinkare til å skape slike rom, rom som handlar om å lytte og om å fortelje. I eiga forsking knytt til mangfald som drivar for innovasjon, så vektlegg eg også dette med aktiv lytting, nysgjerrigheit og rom der alle kan få kome på jobb med «heile seg» og fortelje si historie og få sin plass rundt bordet. Korleis kan ein skape gode rom, der ein kan dra nytte og lære av forteljingar? Det å kunne få fortelje «si» historie er ei viktig brikke i å kunne skape samhald på arbeidsplassen, samstundes som det tillèt ein å verte betre kjend.
Historieforteljingar på stadar
Det er ikkje berre i organisasjonar ein kan dra nytte av historieforteljing. Eg er no på forskingsopphald ved Universitetet i Toronto, og her har nokre av forskarane forska på «storytelling» på regionalt nivå. Eit konkret døme er korleis dei såg på Waterloo-regionen i Canada som har dukka opp som ein usannsynleg konkurrent i høgteknologimarknaden. Dette tilskriv dei til tette, tverrgåande nettverk som ikkje nødvendigvis støtta opp om oppgåvespesifikt samarbeid, men la til rette for konstruksjon og spreiing av kollektive narrativ. Dei fann det at suksesshistorier inspirerte gründerar ved å rekonseptualisere kva som var mogeleg. Med andre ord, så vektla dei historieforteljing som ei form for kollektiv handling.
Ser vi dette knytt til vår region, så er det høveleg å spørje seg om kva narrativ er det vi fortel i organisasjonane våre, korleis vert historieforteljing nytta i dei, og kva narrativ er det vi fortel om Stavanger-regionen? Og på kva måte kan dei narrativ som vi deler om regionen – forankra i menneske og organisasjonar – ikkje berre auke trivsel og produktivitet, men også tiltrekke seg den arbeidskrafta som regionen treng framover?
Kan hende hadde det vore verdt å samla seg og diskutert Stavanger-narrativet som kan danne grunnlag for kunnskapsoverføring, utveksling, utvikling og læring. Kulturantropologisten Mary Catherine Bates sa det at «menneskearten tenker i metaforar og lærer i historier». Eg tenkjer at det handlar mykje om tid og forvitenskap, det å ta seg tid til å slå av ein drøs, slik som i båthamna i gamle dagar.
Andre liknende nyheter
Vant Risavikaprisen: – Betyr mye
Logi Trans AS ble tildelt Risavikaprisen under Risavikadagen torsdag. Logi Trans-sjefen forstod de vant da ordføreren nevnte «veldig rene lastebiler».…
Harald Minge: – Gledelig at IB-linjen reddes
– Det er svært gledelig at den foreslåtte nedleggelsen av IB-linjen og forskerlinjen ved St. Olav videregående skole nå skrinlegges, sier Harald Minge…
– Vi møtte Rogalandsbenken
Næringsforeningen i Stavanger-regionen og Næringsforeningen Haugalandet møtte Rogalandsbenken tirsdag kveld. Energipolitikk, samferdsel og kompetanse…